Historisk arkiv

Gramstad leiar for eigarskapstilsynet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr. 03/98
15.01.1998

Gramstad leiar for eigarskapstilsynet

Ekspedisjonssjef Sigve Gramstad (49) er utnemnd til direktør for det nye Eigarskapstilsynet som skal ha tilsyn med erverv i dagspresse og kringkasting. Gramstad har vore ekspedisjonssjef i kulturavdelinga i Kulturdepartementet sidan hausten 1992. Han var kultursjef i Bergen kommune 1991 - 1992.

Sigve Gramstad er utdanna jurist ved Universitetet i Bergen. Han vart første gongen tilsett i Kulturdepartementet i 1977 og har arbeidd på eit vidt felt med både kultur- og mediesaker. Han har hatt hovudansvar for fleire lovgivingsprosjekt. I Europarådet var han leiar for ekspertgruppa som utarbeidde den europeiske konvensjonen om vern av minoritetsspråk.

Det nye forvaltningsorganet Eigarskapstilsynet skal gjere vedtak om inngrep mot erverv av eigardelar i dagspresse- og kringkastingsforetak dersom dei fører til uønskt eigarkonsentrasjon i norske media. Tilsynet skal i slike saker ha ei uavhengig rolle i høve til Kulturdepartementet. Eigarskapstilsynet vil bli etablert i løpet av første halvår 1998.

Avdelingsdirektør Roy Kristiansen, tlf. 22 24 80 04

Lagt inn 27. januar 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen