Ivar Aasen-tunet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik I
Utgiver: Kulturdepartementet
Pressemelding | Dato: 05.10.1998 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
Nr. 82/98
Dato: 5. oktober 1998
Ivar Aasen-tunet
Til drift av Ivar Aasen-tunet blir det foreslått løyvd 1,5 mill kroner i 1999. Ivar Aasen-tunet som skal opnast i år 2000, er ein nasjonal institusjon under oppbygging på heimegarden til Ivar Aasen i Ørsta. Institusjonen skal arbeide med allmenne samfunnsmessige problemstillingar knytte til språk.
Kostnadsramma for bygginga av Ivar Aasen-tunet er auka frå 40 mill kroner til 52,6 mill kroner. Av dette vil Statsbygg dekkje 5,9 mill kroner. Det er løyvd 18 mill kroner til prosjektet tidlegare. Kulturdepartementets tilsegn til prosjektet blir foreslått auka med 6,7 mill kroner, frå 24 mill kroner til 30,7 mill kroner. Prosjektet er ikkje avhengig av utbetaling av statlege midlar i 1999 og held fram med dei midlane som er løyvde.
Det planlagde amfiet for tunet vil måtte finansierast regionalt utanfor ramma.
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Kjell Myhren, Kulturavdelinga, tlf. 22 24 80 00
Lagt inn 5. oktober 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen