Historisk arkiv

Munin får midlar til vidareføring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr. 91/98
05.10.98

Munin får midlar til vidareføring

Prøveprosjektet MUNIN for omsetjing av norske fagbøker får eit tilskot på inntil 0,6 mill kroner i 1999. Føresetnaden er at Det faglitterære fond og Universitetsforlaget vil vidareføre sine tilskot til drifta for ein utvida prøveperiode.

MUNIN vart sett i gang i 1996 som eit prøveprosjekt over tre år under Norsk kulturråd. Prosjektet har vore finansiert av Det faglitterære fond og Universitetsforlaget, og bidrag frå Kulturrådet til omsetjing av norske fagbøker. Evalueringa etter to års drift konkluderte med at MUNIN burde halde fram, med midlar frå Kulturdepartementet. Spørsmålet om MUNIN skulle få fast plass på statsbudsjettet, burde vurderast på nytt i samband med budsjettet for 2002, det vil seie etter ein utvida prøveperiode.

Kontaktperson:

Ekspedisjonssjef Kjell Myhren, Kulturavdelinga, tlf. 22 24 80 00

Lagt inn 5. oktober 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen