Historisk arkiv

Nansen-skolen nominert til UNESCO-pris

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

59/98
27.07.98

Nansen-skolen nominert til UNESCO-pris

Kulturdepartementet har nominert Nansen-skolen til UNESCOs fredsundervisningspris 1998. Skolen blei også nominert i fjor. UNESCO-prisen er på $60 000.

Nansen-skolen, som vart grunnlagd i 1938, har alltid vore oppteken av spørsmål om fred, internasjonal forståing og menneskerettar. Skolen utvikla på 1980-talet eit eige fredsundervisningsprogram som andre skoler har nytta delar av. I 1991 tok skolen initiativ til eit dialogprosjekt om fellesskapsetikk i eit fleirkulturelt samfunn og i 1993 til ein internasjonal fredsfestival for barn på Lillehammer.

Hausten 1995 starta Nansen-skolen eit prosjekt om demokrati, menneskerettar og konfliktløysing i samarbeid med Kirkens Nødhjelp og Norges Røde Kors. Prosjektet tek sikte på å byggje bruer mellom menneske med ulik etnisk, kulturell, religiøs og språkleg bakgrunn i det tidlegare Jugoslavia. Nansen-skolen har sidan november 1997 arrangert fleire dialog-seminar i Kosovo mellom serbarar og albanarar. Erfaringane frå dette prosjektet har blitt nytta til å utvikle ein pedagogisk modell for dialog og forsoning til bruk også i andre område med etniske konfliktar.

Kontaktperson:
Rådgjevar Åse Vøllo, tlf. 22 24 78 43

Lagt inn 27. juli 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen