Historisk arkiv

Regjeringa fører vidare hovudtrekka i pressepolitikken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr. 102/98
05.10.98

Regjeringa fører vidare hovudtrekka i pressepolitikken

Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 194,7 mill kroner til produksjons-tilskot til dagsaviser. Dette er ein auke på 6,4 mill kroner i høve til budsjettet for 1998.

Regjeringa gjer framlegg om å leggje om tilskotsordninga til publikasjonane til dei politiske partia som er representerte på Stortinget. Størstedelen av tilskotet skal gå til allmenn informasjonsverksemd, slik at partia sjølve avgjer kva for informasjonstiltak midlane skal nyttast til.

Tilskotet til samiske aviser på 8 mill kroner og innvandraraviser på 1,5 mill kroner blir ført vidare på same nivå, medan tilskotet til etterutdanning og medieforsking blir sett ned frå 13,1 mill kroner til 12,3 mill kroner.

Kontaktperson:

Avdelingsdirektør Roy Kristiansen, Medieavdelinga, tlf. 22 24 80 04

Lagt inn 5. oktober 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen