Historisk arkiv

Statstilskot til ”norsk scenekunstbruk”

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr. 86/98
05.10.98

Statstilskot til ”norsk scenekunstbruk”

Kulturdepartementet gjer framlegg om eit statstilskot på 1,5 mill. kroner til vidareføring av prosjektet Norsk scenekunstbruk. Det er ein føresetnad at ordninga blir utvida til å gjelde fire nye fylke.

Danse- og Teatersentrum har i samarbeid med fagutvalet for scenekunst i Norsk kulturråd gjennomført eit prøveprosjekt der frie profesjonelle sceniske grupper har hatt framsyningar i fire fylkeskommunar, i Aust-Agder, Oppland, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag. Målet har vore å auke scenekunsttilbodet i distrikta. Fylkeskultursjefane har stilt seg positive til prosjektet, og publikum har teke godt imot tilbodet.

Det enkelte fylket har sjølv definert kva dei ønskjer når det gjeld teater- og danseframsyningar. Val av framsyningar har skjedd i nært samarbeid mellom Norsk scenekunstbruk og dei involverte kommunane og fylkeskommunane. Tilbodet er finansiert ved statlege, kommunale og fylkeskommunale midlar. Det blir lagt spesiell vekt på formidling til barn og unge.

Kontaktperson:

Ekspedisjonssjef Kjell Myhren, Kulturavdelinga, tlf. 22 24 80 00

Lagt inn 5. oktober 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen