Historisk arkiv

Statstilskot til Per Gynt-stemnet på Vinstra

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr. 98/98
Dato: 5. oktober 1998

Statstilskot til Per Gynt-stemnet på Vinstra

Kulturdepartementet gjer framlegg om eit tilskot på kr 200 000 til Per Gynt-stemnet på Vinstra i 1999.

”Stiftelsen Peer Gynt” har som føremål å utvikle og drive tiltak knytte til Peer Gynt og er ein viktig del av den nasjonale Ibsensatsinga utanfor dei større byane. Bakgrunnen er den historiske tilknytinga Henrik Ibsens Peer Gynt har til Nord-Fron. Skodespelet som blir framført ved Golåvatnet, har profesjonelle kunstnarar og utøvarar på høgt nivå og går inn som ei sentral del av ein større kulturfestival.


Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Kjell Myhren, Kulturavdelinga, tlf. 22 24 80 00

Lagt inn 5. oktober 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen