Historisk arkiv

Styrking av musikkfestivalar og anna musikkverksemd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr. 80/98
Dato: 5. oktober 1998

Styrking av musikkfestivalar og anna musikkverksemd

Tilskotet til musikkfestivalar blir foreslått auka med 3 mill kroner til 23,1 mill kroner i 1999. Den nye ordninga med statleg tilskot til musikkfestivalar blir forvalta av Rikskonsertane frå 1998. Det blir gitt tilskot til musikkfestivalar av høg kvalitet som blir arrangerte årleg eller anna kvart år, som varar minimum to dagar, og som elles oppfyller kriteria for statleg tilskot. Målet for ordninga er mellom anna å leggje til rette for utvikling av dei lokale produksjonsmiljøa på musikkområdet.

Det er lagt inn ein auke av tilskotet til lokal konsertverksemd under Rikskonsertane med 0,9 mill kroner. Departementet legg fram nye retningsliner for statleg tilskot til slik verksemd med verknad frå 1. januar 1999.

Kulturdepartementet har drøftingar med Kommunenes Sentralforbund om grunnlaget for og innhaldet i ei vidare desentralisering av skolekonsertordninga til fylkeskommunane. Departementet vil kome tilbake til saka i budsjettet for år 2000.


Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Kjell Myhren, Kulturavdelinga, tlf. 22 24 80 00

Lagt inn 5. oktober 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen