Historisk arkiv

Allmennkringkastingsråd oppnemnt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr.: 99/1999
Dato: 25. november 1999

Allmennkringkastingsråd oppnemnt

Kulturdepartementet har oppnemnt lektor Linda Kjerstad, Ålesund, som leiar for Allmennkringkastingsrådet for perioden 1.1.2000 – 31.12.2003. Den noverande leiaren, professor Jostein Gripsrud, ønskte ikkje å bli oppnemd på nytt.

Dei andre medlemmene av Allmennkringkastingsrådet er førsteamanuensis Gro Shetelig Kruse, Oslo, professor Bjørn Sørenssen, Trondheim, informasjonsrådgjevar Iwar Arnstad, Skatval, professor Helge Rønning, Oslo, lektor Anna Jorun Avdem, Lærdal og professor Einar Niemi, Tromsø.

Rådet skal vurdere om programverksemda i NRK, TV 2 og P4 er i samsvar med prinsippa for allmennkringkasting.


Kontaktperson: Avdelingsdirektør Roy Kristiansen, Medieavdelinga, tlf. 22 24 80 04

Lagt inn 25. november 1999 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen