Historisk arkiv

Betre rammevilkår for arkiv, bibliotek og museum

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr.: 110/99
Dato: 17.12.1999

Betre rammevilkår for arkiv, bibliotek og museum

- Arkiv, bibliotek og museum forvalter materiale om fortida vår som gir oss kunnskap til å setje notida inn i eit historisk perspektiv, sa kulturminister Åslaug M. Haga då stortingsmeldinga om arkiv, bibliotek og museum vart lagd fram fredag. - Fellesskapen mellom dei tre sektorane er blitt styrkt gjennom bruken av ny teknologi og gjer det naturleg å sjå dei i samanhang, sa ho.

- Gjennom ein opptrappingsplan over fem år ønskjer vi å setje arkiv, bibliotek og museum betre i stand til å ta å vare på viktige samfunnsoppgåver i framtida. Med meir samarbeid, samordning og samorganisering vil dei kunne yte betre tenester overfor samfunnet.

- Dette er kulturtilbod som folk bruker, ofte der dei bur, fastslo statsråd Haga. Folkebiblioteka har 21 millionar besøk, og 9 millionar besøker musea våre årleg. I tillegg kjem alle dei som nyttar Kulturnett Noreg på Internett. Berre på arkivdelen har det vore nær 1 mill. påloggingar i løpet av 1½ år frå folk som gjer søk i gamle folketellingar, kyrkjebøker o. l.

Skiping av eit statleg samordningsorgan for arkiv, bibliotek og museum for å fremje heilskapleg tenking om bevaring, formidling og utnytting av ny teknologi vil bli utgreidd. Statens bibliotektilsyn og Norsk museumsutvikling skal etter planen inngå i det nye organet.

I stortingsmeldinga blir det også for første gang gjort greie for dei viktigaste investeringsbehova når det gjeld kulturbygg. Det blir gitt ein oversikt over pågåande investeringsprosjekt og dei viktigaste planar, prosjekt og behov.

Regjeringa legg i stortingsmeldinga til grunn at musea vil vere eit hovudsatsingsfelt framover. Kulturminister Haga slo fast at museumsområdet har behov for ein landsomfattande organisatorisk opprydding. –Vi har no meir enn 700 sjølvstendige museum, med stor variasjon i verksemd og finansieringsgrunnlag. Små og store kulturskattar må bli tekne forsvarleg vare på og gjort betre tilgjengelege for publikum, sa ho.

Ein modell for organisering og samordning av musea skal utarbeidast med sikte på betre utnytting av ressursar. Etter kvart skal alle museum som får tilskot over det statlege kulturbudsjettet inngå i eit nasjonalt nettverk med Norsk museumsutvikling som samordningsorgan.

I hovudstadsområdet vert det tilrådd å etablere eit nytt, stort nasjonalt kunstmuseum ved å gjere Nasjonalgalleriet, Museet for samtidskunst, Riksutstillingar, Kunstindustrimuseet, Norsk Arkitekturmuseum og Henie-Onstad Kunstsenter til ein institusjon. Over ein 15-årsperiode vil hovudbasen for museet bli utvikla i aksen Nasjonalgalleriets noverande bygning, nybygg på Tullinløkka, Historisk Museum, Frederiks gate 3 (den gamle kjemibygningen) og Statens kunstakademi(tidlegare Noregs Geografiske Oppmåling). Universitetets kulturhistoriske museum skal samlast i nybygg på Sørenga.

-Utfordringa på arkivfeltet er først og framst å halde elektronisk arkivmateriale teknologisk tilgjengeleg for ettertida. Vi må ikkje komme i den situasjonen at samfunnet sletter spora sine i takt med endringar i informasjonsteknologien, sa kulturminister Haga. I tillegg må Arkivverket dei neste 25 åra vere i stand til å ta i mot om lag 210 hyllekilometer papirarkiv som alt er produserte, i hovudsak i statsforvaltninga.

Bbibliotekfeltet er prega av omstillingsbehov, i stor grad knytt til bruken av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT). Folkebiblioteka må utvikle IKT-bruken i samband med desentralisert utdanning, fjernlånstenester, innhenting og bearbeiding av informasjon og tilgjenge til databasar. Departementet legg opp til å yte ekstra midlar til eit utviklingsprosjekt for IKT-utdanningstilbod for personalet i folkebiblioteksektoren.

Nasjonalbiblioteket vart etablert som ein samla institusjon med avdelingar i Oslo og Rana frå årsskiftet 1998/99, og departementet førebur no saman med Statsbygg bygging av nytt magasin og opprusting av den gamle bibliotekbygningen på Drammensveien i Oslo.


Kontaktperson:
Avdelingsdirektør Stein Sægrov, Kulturavdelinga, tlf. 22 24 80 26

Lagt inn 17. desember 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen