Historisk arkiv

EU-støtte til to norske kulturprosjekt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr.: 100/1999
Dato: 29. november 1999

EU-støtte til to norske kulturprosjekt

Music Factory-festivalen for samtidsmusikk i Bergen får 50 000 euro og Grenland Friteater får 70 000 euro i EU-støtte frå eit pilotprogram på kulturområdet. 55 av 420 søkjarar får støtte. Meininga er å prøve ut den nye organiseringa av kulturstøtte som er foreslått for EUs første rammeprogram for kultur, som er planlagt sett i verk neste år.

Music Factory-festivalen i Bergen får støtte til eit prosjekt i slutten av mai der fire ensemble frå England, Nederland, Italia og Sveits vil presentere nye verk frå sitt eige land og bestillingsverk frå unge skandinaviske komponistar.

Grenland Friteaters prosjekt omfattar seks temamøte i haust om kulturaspekt ved teaterfaget. I desember vil det bli skipa til ein internasjonal workshop, der deltakarane vil samarbeide om ein produksjon av ein fabel av Jorge Luis Borges. Framsyninga vil finne stad nyttårsaftan, og ein dokumentasjon vil bli presentert på internett og på den 6. Internasjonale Teaterfestivalen i Porsgrunn i juni 2000.


Kontaktperson: Rådgjevar Lill-Ann Bjaarstad Medina, Kulturavdelinga, tlf. 22 24 80 22

Lagt inn 29. november 1999 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen