Historisk arkiv

Forbod mot politisk reklame i fjernsyn trer i kraft

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr.: 36/99
Dato: 25.06.99

Forbod mot politisk reklame i fjernsyn trer i kraft

Lovforbodet mot reklame for livssyn og politiske bodskap i fjernsyn trer i kraft 1. juli. Samstundes blir slik reklame tillaten i radio.

Tidlegare har forbodet gått fram av forskrift til kringkastingslova. Stortingsfleirtalet slutta seg 15. juni til framlegget om lovfesting frå regjeringa av forbodet. Det blir lagt vekt på at slik reklame vil kunne gje eit skeivt bilete av kompliserte saker, og at den politiske debatten ikkje vil bli tilført noko vesentleg. Dessutan kan slik reklame i fjernsyn gje ressurssterke grupper fleire høve enn andre til å marknadsføre synspunkta sine.

Eit viktig omsyn bak forbodet er også den særlege påverknadskrafta fjernsynet har. Ein må derfor sikre at det ikkje blir skapt eit forteikna bilete av den politiske og religiøse røyndomen gjennom reklame i fjernsyn.


Kontaktperson:
Ekspedisjonssjef Helge Sønneland, Medieavdelinga, tlf. 22 24 80 02

Lagt inn 25. juni 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen