Historisk arkiv

Framlegg til bruk av Villa Stenersen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr.: 46/99
Dato: 01.09.99

Framlegg til bruk av Villa Stenersen

Villa Stenersen bør nyttast til kulturføremål i hovudsak innanfor arkitektur, design og estetikk og bruken bør sikre allment tilgjenge. Det vil vere i samsvar med bygningens verneverd og Rolf Stenersens og arkitekten Arne Korsmos idear, meiner arbeidsgruppa som har sett på alternativ bruk av bygningen.

I utgreiinga som vart lagd fram onsdag, peiker gruppa på at Villa Stenersen kan ha eit stort brukspotensial, men at storleiken på eigedomen og verneverdet, regulerings- og trafikktilhøva set grenser for bruken.

Arbeidsgruppa tilrår at stiftinga Norsk Form får i oppdrag å administrere og samordne bruken av Villa Stenersen i ein tre-års periode. Framlegget legg opp til at Kulturdepartementet set av midlar til bruk av bygningen til kulturføremål i prøveperioden. Statsbygg har framleis ansvaret for den daglege forvaltninga av eigedomen.

Framlegget inneber at Villa Stenersen blir bevart som eit viktig arkitektonisk verk og gjort tilgjengeleg for allmenta. Framlegget tek også omsyn til staten sitt ansvar som eigar og forvaltar av kulturminne, og er i samsvar med målsetjinga om å skape tilgjenge for alle interesserte til god arkitektur og design.

Arbeidsgruppa har hatt representantar frå Arbeids- og administrasjondepartementet, Finansdepartementet, Miljøverndepartementet, Statsministerens kontor og Kulturdepartementet, som har leia gruppa. Framlegget går nå til handsaming i dei departementa som har vore med i gruppa.

Utgreiinga kan du få frå Kulturdepartementet, Informasjonskontoret tlf. 22 24 80 36


Kontaktperson:
Avdelingsdirektør Stein Sægrov, Kulturavdelinga, tlf. 22 24 80 26

Lagt inn 1. september 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen