Historisk arkiv

Jugendstilsenteret Tusenårsstad i Møre og Romsdal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr. 44/99
23.07.99

Jugendstilsenteret Tusenårsstad i Møre og Romsdal

Kulturdepartementet går inn for at Jugendstilsenteret i Ålesund blir tusenårsstad for Møre og Romsdal og vil foreslå eit statleg tilskot på inntil 10 millioner kroner i samband med budsjettet for 2000.

Føresetnaden er at Møre og Romsdal fylkeskommune sender inn søknad om tilskot vedlagt dokumentasjon av mellom anna vedtak i kommunen og fylkeskommunen om ansvar for gjennomføring og fullfinansiering, oppdaterte planar for omfanget av tusenårsstaden, investeringsramme tilrådd av fylkeskommunen, finansieringsplan og framdriftsplan.

Departementet legg til grunn at Jugendstilsenteret vert organisert som ein del av Aalesund Museum, og ikkje som ei ny stifting slik senteret sjølv har tilrådd. I brevet til Møre og Romsdal fylkeskommune blir det vist til at det er ei viktig oppgåve å medverke til meir samarbeid og samorganisering av kulturverntiltak, og ikkje til ytterlegare fragmentering.

Tusenårsstader i fylka skal ha nasjonal kulturell og miljømessig tyding. Stadene vil i åra fram til 2005 bli valde ut i dialog mellom fylket og Kulturdepartementet, og Stortinget tek den endelege avgjerda om storleiken på det statlege tilskotet. Tilskotsordninga har som vilkår at fylkeskommunane medverkar i finansieringa av tusenårsstadene. Driftsutgifter skal vere eit regionalt og lokalt ansvar.

Kontaktperson:

Avdelingsdirektør Stein Sægrov, Kulturavdelinga, tlf. 22 24 80 26

Lagt inn 26. juli 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen