Historisk arkiv

Konferanse om formidling av opera og ballett

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr.: 108/99
Dato: 14.12.1999

Konferanse om formidling av opera og ballett

Kulturdepartmentet vil arrangere ein konferanse i Haugesund i mars neste år om produksjon og formidling av opera og ballett i Noreg. Ein modell for opera- og ballettformidling skal utarbeidast innan det nye operahuset står ferdig. Det vedtok Stortinget i samband med behandlinga av operaproposisjonen i juni i år.

Målet er at flest mogleg skal få høve til å oppleve og medverke til opera- og ballettframsyningar i nærmiljøet sitt. Korleis ein skal nå dette målet, vil vere eit hovudtema på konferansen 29. – 30. mars. I tillegg til kulturpolitikarar vil deltakarane komme frå opera- og ballettmiljøet, frå produksjon og formidling av musikk og teater og frå kommunesektoren.

Etter konferansen vil departementet starte arbeidet med ei utgreiing som etter planen skal vere ferdig i 2001.

Utviklinga av ein framtidig modell for opera- og ballettformidling vil skje i nært samarbeid med Den Norske Opera og relevante kunstinstitusjonar og miljø. Også lokale og regionale styresmakter vil bli inviterte til å delta. Kulturdepartementet tek sikte på å oppnemne ei referansegruppe til å hjelpe til i planarbeidet. Det vil skje ei gradvis oppbygging av modellen fram mot 2008, når det nye operahuset skal stå ferdig.


Kontaktperson:
Avdelingsdirektør Arne Holen, Kulturavdelinga, tlf. 22 24 80 05

Lagt inn 17. desember 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen