Historisk arkiv

Lahnstein på Austersjø-konferanse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr.: 50/99
Dato: 17.09.99

Lahnstein på Austersjø-konferanse

Kulturminister Anne Enger Lahnstein deltek på ein ministerkonferanse i Gdansk 20.-21. september om kultursamarbeidet i Austersjøregionen. Kulturministrane frå dei nordiske landa, Russland, dei tre baltiske landa, Polen og Tyskland skal i tillegg til kultursamarbeidet drøfte ansvaret dei har for den felles kulturarven i området.

Kultursamarbeidet i Austersjøregionen skjer i hovudsak mellom institusjonar. Frå norsk side vil det under konferansen bli gjort framlegg om at det offisielle samarbeidet blir lagt inn under Austersjørådet. Det vil vere likt den modellen ein nyttar for det nordiske samarbeiet gjennom Nordisk Ministerråd.

Noreg tok over formannskapen i Austersjørådet i juni i år.


Kontaktperson:
Informasjonssjef Berit Griebenow, tlf. 22 24 78 09

Lagt inn 17. september 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen