Historisk arkiv

Nordisk -Baltisk Korfestival får 700 000 kroner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr.: 117/99
Dato: 27.12.1999

Nordisk -Baltisk Korfestival får 700 000 kroner

Kulturdepartementet løyver 700 000 kroner til Nordisk-Baltisk Korfestival i Skien sumaren 2000. Skien kommune er hovudarrangør i samarbeid med Noregs Korforbund og dei nasjonale kororganisasjonane i Norden og Baltikum.

Korfestivalen i Skien 27. juni til 2. juli neste år vil omfatte om lag 90 kor og rundt 5000 deltakarar frå dei nordiske landa og Baltikum. På programmet står konsertar, kortevlingar, komponisttevlingar, dirigentseminar og korsong-verkstader. Festivalen vart arrangert i Latvia i 1995 og i Sverige i 1997.


Kontaktperson:
Ekspedisjonssjef Kjell Myhren, Kulturavdelinga, tlf. 22 24 80 00

Lagt inn 30. desember 1999 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen