Historisk arkiv

Norsk støtte til mediefeltet i Søraust-Europa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr.: 114/99
Dato: 21.12.1999

Norsk støtte til mediefeltet i Søraust-Europa

Kulturdepartementet har gitt 500 000 kroner i støtte til Europarådets arbeid på mediefeltet i Søraust-Europa. Midlane går inn som ein del av stabilitetspakta for regionen. Eit av støttetiltaka er eit opplæringsprogram for journalistar som arbeider i Radio-Television Kosovo.

Europarådet har som mål for medietiltaka at dei skal bidra til å skape eit lovverk for ytringsfridomen og media i tråd med Europarådets standardar. For å sikre forsvarleg praktisering av lovverket vil ein lære opp og assistere dei ulike sektorane, det vil seie dommarar, styresmakter, medieselskap og journalistar.

Noreg har for tida nestleiaren i Europarådets styringskomité for mediespørsmål.


Kontaktperson:
Ekspedisjonssjef Helge Sønneland, Medieavdelinga, tlf. 22 24 80 02

Lagt inn 21. desember 1999 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen