Historisk arkiv

Seminar om kultursamarbeidet med EU

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr.: 98/99
Dato: 24.11.1999

Seminar om kultursamarbeidet med EU

Kulturminister Åslaug M. Haga opnar måndag eit seminar om Noregs kultursamarbeid med EU. På seminaret vil ein oppsummere røynslene frå den norske deltakinga i EU-kulturprogramma Kaleidoskop, Ariane og Rafael. Nye tilnærmingsmåtar for deltaking i kultursamarbeidet vil bli drøfta, i påvente av det første rammeprogrammet for kultur i EU, som etter planen skal setjast i gang i året som kjem. For 2000 er den samla kostnaden for den norske deltakinga i dette kulturprogrammet sett til 6,2 mill. kroner.

EUs Kultur 2000-program kjem i staden for dei tre opphavlege kulturprogramma. Det nye programmet skal gå over fem år. Føresetnaden for at programmet skal kome i gang ved årsskiftet, er at det blir gjort nødvendige vedtak i løpet av desember. Men enno er det usemje om kor stort budsjettet skal vere. Ministerrådet set ei øvre grense på 167 millionar euro over fem år, mens Europaparlamentet ønskjer ei budsjettramme på inntil 250 millionar euro.

Kulturstøtta vil bli fordelt til

  • Nyskapande eller eksperimentelle prosjekt. Det vil bli gitt støtte på mellom 50 000 og 150 000 euro (ca. 415 000 – 1,25 mill. kroner), og EU dekkjer inntil 60 prosent av dei samla prosjektkostnadene.
  • Integrerte tiltak organiserte ved fleirårige, transnasjonale kultursamarbeidsavtaler. Støtta til samarbeidsavtaler mellom organisasjonar i europeiske nettverk kan vere på mellom 200 000 og 350 000 euro (ca. 1,7 - 3 mill. kroner) til kvart enkelt prosjekt. EU dekkjer inntil 60 prosent av totalkostnaden, men kan gå inn med enda 20 prosent av kostnadene dersom dette dekkjer utgifter til administrasjonen av sjølve nettverket.
  • Spesielle kulturhendingar med ein europeisk eller internasjonal dimensjon. Delar av støtta på dette området går til tiltaket europeisk kulturby og andre faste tiltak. Prosjekt kan støttast med inntil 60 prosent av budsjettet, 150 000 – 300 000 euro (ca. 1,3 – 2,5 mill. kroner).

Seminaret den 29.11. kl. 1100-1600 er i Auditoriet i R5, Akersg. 59, og er ope for pressa.

Kontaktperson:
Rådgjevar Lill-Ann Bjaarstad Medina, Kulturavdelinga, tlf. 22 24 80 22

Lagt inn 24. november 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen