Historisk arkiv

Statens idrettskonferanse i Kristiansand

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr. 52/1999
Dato: 21. september 1999

Statens idrettskonferanse i Kristiansand

Kulturminister Anne Enger Lahnstein opnar Statens idrettskonferanse i Kristiansand måndag 27. september. 490 deltakarar er venta til konferansen ”Frå foreiningsliv til tenesteyting og kommers? Lokalidretten inn i eit nytt hundreår”, som set fokus på det frivillige lagsarbeidet i eit medie- og marknadsorientert samfunn.

Mellom innleiarane er Jan Erik Langangen, leiar i Verdikommisjonen, som tek for seg idrettens verdival framfor eit nytt hundreår. LO- leiar Yngve Hågensen ser på fagforeiningspolitiske utfordringar i idretten. Ordførar i Trondheim Anne Kathrine Slungård vil orientere om kommunen sin politikk overfor dei lokale idrettslaga med vekt på tenesteytinga laga står for.

Tilhøvet mellom idrettslag og aksjeselskap i svensk idrett er tema for innleiinga til universitetslektor Bjørn Lindquist, Universitetet i Lund. Kjell O. Kran, president i Noregs Idrettsforbund og Olympiske Komité, vurderer kva som må til for at den frivillig organiserte idretten skal vere ei folkerørsle også i framtida. Statssekretær i Kulturdepartementet Per Kristian Skulberg vil til slutt sjå på foreiningslivet si rolle i det neste hundreåret.

Kulturdepartementet ønskjer at Statens idrettskonferanse 27.-29. september skal bidra til debatt om sentrale utviklingstrekk ved idretten som eit viktig samfunnsfenomen.

Priv. til red.

Konferansen på Radisson SAS Caledonien Hotel Kristansand er open for pressa. Statsråd Anne Enger Lahnstein held opningstalen måndag 27.09. kl. 1900.


Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Hans B. Skaset, Idrettsavdelinga, tlf 22 24 80 50

Lagt inn 21. september 1999 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen