Historisk arkiv

Tilskot til tusenåsstader i kommunane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr. 39/99
Dato 30.06.99

Tilskot til tusenårsstader i kommunane

Kvar kommune vil få 119 500 kroner i statleg tilskot til ein tusenårsstad. Kulturdepartementet vil syte for at tilskotet blir overført innan 15. august i år. Stortinget vedtok i samband med revidert nasjonalbudsjett å setje av 52 millioner kroner til kommunale tusenårsstader. Tilskotet skal medverke til at lokalsamfunna får fleire og betre møtestader.

Mange av dei 435 kommunane i landet har alt valt ut sin tusenårsstad i samråd med innbyggjarane sine. Det statlege tilskotet er meint som ei hjelp til å markere verdien av estetiske og miljømessige kvalitetar på det offentlege rommet ved inngangen til eit nytt tusenår.

Norsk Form og selskapet Tusenårsskiftet Noreg 2000 tilbyr rettleiing innafor stadutforming og estetisk kvalitet, i tillegg til kommunanes og fylkeskommunanes eigen kompetanse på feltet. Norsk Form har utarbeidd eit eige program og ein brosjyre om utforming av tusenårsstadene.

Dei fleste kommunane er godt i gang med planlegginga av tusenårshelga - som strekkjer seg frå nyttårsaftan 1999 til andre nyttårsdagen 2000. Første nyttårsdag er vigd hovudstaden og lokalsamfunna, og mange kommunar og fylkeskommunar førebur på markeringar og grunnsteinsnedleggingar for eigen tusenårsstad denne dagen.

Kontaktperson: Informasjonssjef Berit Griebenow, tlf. 22 24 78 09

Lagt inn 1. juli 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen