Historisk arkiv

Løyvinga til norsk kulturfond fordelt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kulturdepartementet

Pressemelding

Nr.: 01/00
Dato: 28.01.2000

Løyvinga til norsk kulturfond fordelt

Fordelinga av løyvinga til Norsk kulturfond for 2000 på 219,441 mill. kroner vart vedteken i statsråd fredag. Avsetningane til fagområda er generelt blitt auka med om lag 2,5 prosent frå i fjor.

Den største avsetninga på 69,2 mill. kroner er til litteratur, i hovudsak til innkjøpsordningane for litteratur. For 2000 har Norsk Kulturråd og forlaga blitt samde om å setje tak på innkjøpsordningane, slik at kostnadene blir haldne innafor avsetninga.

Musikkavsetninga er på 47,8 mill. kroner, ein monaleg auke i høve til 1999. Årsaka er at tilskotsordningar er overførte frå Rikskonsertane til Norsk Kulturråd.

Avsetninga til scenekunst er på 31,6 mill. kroner. Av dette går 28,2 mill. kroner til støtteordninga for fri scenekunst.

Avsetninga til kulturbygg er på 9,8 mill. kroner, ein auke på 2,3 mill. kroner.

Løyvinga til Norsk kulturfond er vidare fordelt slik: tidsskrift 2,4 mill. kroner, biletkunst/kunsthandverk 10,2 mill. kroner, kulturvern 13,1 mill. kroner, barn og unge 7,8 mill. kroner, arkitektur og omgjevnader 2,6 mill. kroner, kultur, medium og ny teknologi 3 mill. kroner, kunst og det fleirkulturelle samfunnet 5 mill. kroner og andre formål 16,9 mill. kroner.


Kontaktperson:
Ekspedisjonssjef Kjell Myhren, Kulturavdelinga, tlf. 22 24 80 00

Lagt inn 4. februar 2000 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen