Historisk arkiv

2,05 millionar kroner til vassverksutbygging på Tynset

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Dato: 9. juni 1998

2,05 millionar kroner til vassverksutbygging på Tynset

Kommunal- og regionaldepartementet gir eit tilskot på inntil 2,05 millionar kroner til Midtbygda nye vannverk.

Vassverksutbygginga er eit samarbeidsprosjekt mellom Tynset kommune og det private Midtbygda Vannverk A/L. Tilskotet fordeler seg med 1,2 millionar kroner til Midtbygda Vannverk A/L og 850 000 kroner til Tynset kommune. Prosjektet er kostnadsrekna til omlag 4,7 millionar kroner, og vil gi tilfredsstillande vassforsyning til omlag 175 personar.

- God kvalitet på vassforsyninga er blant dei grunnleggjande rammevilkåra som alltid må vere på plass i eit samfunn, seier statssekretær Johanne Gaup i Per N. Hagen i Kommunal- og regionaldepartementet. - Gjennom dette samarbeidsprosjektet vil busetting og næringsverksemd i Tylldalen få ei løysing på vassforsyninga som er god både med omsyn til tryggleik, drift og kvalitet.

Støtteordninga Program for vannforsyning er eit 5-årig program. Det gir økonomisk stønad der naudsynte utbetringstiltak blir urimeleg dyre for abonnentane.

Oslo, 9. juni 1998

Lagt inn 9. juni 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen