Historisk arkiv

5 millionar kroner til Målselv kommune i samband med opprusting av Andselv sentrum.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

19.5.98

5 millionar kroner til Målselv kommune i samband med opprusting av Andselv sentrum.

Kommunal- og regionaldepartementet gir eit tilskot på inntil 5 millionar kroner til opprustingstiltak i kommunesenteret Andselv i Målselv kommune. Tiltaket, som er tredje byggesteg i sentrumsplanen til kommunen, er kostnadsrekna til omlag 12,7 millionar kroner.

I si planlegging legger kommunen opp til at Andselv skal være eit senter innan handel og service for kommunen og regionen, og ha kvalitetar som gjer det til eit naturleg samlings- og møtestad med trygge forhold for fotgjengarane.

Utvekling av funksjonelle og attraktive sentra i distrikta, vil vere eit prioritert område i distrikts- og regionalpolitikken framover, seier statssekretær Per N. Hagen

Ein grunnleggjande føresetnad for at kommunesentra/ regionsentra for service skal kunne yte sine tenester overfor befolkning og næringsliv, er at desse stadene har et veg-, vass og avløpssystem med tilfredsstillande standard. I arbeidet for næringsutvikling er det ei veksande erkjenning at satsing på kultur og det sosiale og fysiske nærmiljøet kan vere eit effektivt verktyg for å fremje nyskaping og nyetablering i næringslivet.

Lagt inn 19. mai 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen