Historisk arkiv

6,5 millionar kroner til tilrettelegging av Biopark på Tjeldbergodden

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Dato: 9. juni 1998

6,5 millionar kroner til tilrettelegging av Biopark på Tjeldbergodden

Kommunal- og regionaldepartementet gir eit tilskot på inntil 6,5 millionar kroner til tilrettelegging av ny næring i Aure kommune. Tilskotet går til MultiEnergi AS, som mellom anna skal lage eit overføringssystem for kjølevatn frå Statoil sitt område til Biopark på Tjeldbergodden.

Prosjektet er totalt kostnadsrekna til 53 millionar kroner, og Aure kommune vil stå som eigar av 51 prosent av investeringane. Departementet gir berre tilskot til kommunen sin del av prosjektet. Området skal vere eit tilbod til ulike former for oppdrettsanlegg og anna verksemd som kan gjere seg nytte av kjølevatn

Departementet har ved behandlinga lagt vekt på miljøaspektet ved dette saka, slik som alternativ utnytting av spillvarme og kjølevatn til industriell og kommersiell verksemd.

Vi har òg lagd vekt på at prosjektet er regionalt viktig, både når det gjeld sysselsetting og for andre oppdrettsverksemder i regionen, seier statssekretær Per N. Hagen i Kommunal- og regionaldepartementet. Slike verksemder vil vere kundegrunnlaget for den produksjon som er planlagd i Bioparken på Tjeldbergodden.

Oslo, 9. juni 1998

Lagt inn 9. juni 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen