Historisk arkiv

87 millioner kroner til næringslivet i distriktene

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Dato: 2. juli 1998

87 millioner kroner til næringslivet i distriktene

Kommunal- og regionaldepartementet fordeler no 87 millionar kroner til fylkeskommunane som kan vise til dei beste resultata i arbeidet med å utvikle næringslivet i distrikta. Rogaland og Troms peikar seg ut som dei «beste» forvaltarane av verkemidla.

- Midlane er fordelt etter dei resultata som fylkeskommunane har oppnådd i samsvar med nasjonale mål. Med desse midlane ønskjer vi å stimulere til lønnsame og langsiktige arbeidsplassar i distrikta. Også i økonomisk gode tider som vi har no, er det viktig med ein ekstra innsats for å utvikle eit framtidsretta næringsliv i distrikta. Dette er avgjerande for at unge skal ønskje å busetje seg der også i framtida, seier statssekretær Per N Hagen.

Rogaland og Troms er dei fylkeskommunane som er kome best ut i fordelinga av mål- og resultatpotten for dei bedriftsretta distriktspolitiske verkemidla i 1998. Desse fylka utmerker seg ved å ha kanalisert store delar av innsatsen til nyetablering, nyskaping, omstilling og knoppskyting. I tidlege fasar av slike utviklingsprosjekt er det ofte vanskeleg for bedriftene å skaffe nok risikovillig kapital i den private marknaden. Rogaland utmerker seg i tillegg ved at bedriftene som har fått støtte, har oppnådd gode resultat både når det gjeld lønnsemd og sysselsetjing.

- Målet med systemet er å målrette innsatsen betre, og å få større effekt ut av kvar krone, seier statssekretær Per N. Hagen.

Midlane er fordelt med 62 millionar kroner i distriktsutviklingstilskot og 25 millionar kroner i risikolån. Dette utgjer 15 prosent av ramma for dei bedriftsretta distriktspolitiske verkemidla. Dei resterande 85 prosent blei tildelt fylkeskommunane allereie ved årsskiftet utifrå kriterium som folketettleik og sysselsetjing. Samanlikna med fjorårets tildeling er Troms det fylket som har avansert mest. Rogaland har også tidlegare vore høgt oppe på lista.

Oslo, 2. juli 1998

Vedlegg:

Tabell som viser fordelinga av dei bedriftsretta distriktspolitiske verkemidla til fylkeskommunane.

Fordeling av rammer etter mål- og resultatstyringskriterium for distriktsutviklingstilskot (MRS) og distriktsretta risikolån. Tall i 1000 kr.

Fylkes-kommunar

Distriktsutviklings-tilskot

Risikolån

Sum distriktsutviklings-tilskot og risikolån

Fordeling i prosent

MRS-tildeling(1)

Endeleg ramme(2)

MRS-tildeling

Endeleg ramme

MRS-tildeling

Endeleg ramme

Fordeling i pst(3)

Rogaland

1401

5318

1141

4338

2542

9656

115

Troms

15793

63313

5631

22611

21424

85924

113

Telemark

4976

21178

2242

9560

7218

30738

111

Buskerud

2100

9550

1289

5874

3389

15424

109

Nordland

20594

100812

6819

33458

27413

134270

107

Vest-Agder

502

2671

584

3114

1086

5785

105

Hordaland

2454

15123

1272

7865

3726

22988

101

Aust-Agder

718

4425

590

3648

1308

8073

101

Oppland

3172

23523

1388

10337

4560

33860

98

Hedmark

2882

24935

1206

10484

4088

35419

96

Møre og R

2771

29048

1195

12603

3966

41651

94

Finnmark

1822

34919

563

10934

2385

45853

90

N.-Trøndelag

1541

29545

606

11765

2147

41310

90

Sogn og Fj.

1556

29832

670

13016

2226

42848

90

S.-Trøndelag

100

21693

33

8589

133

30282

85

Sum

62382

415885

25229

168196

87611

584081

(1) MRS-tildelinga er summen som no blir fordelt etter mål- og resultatsstyringskriteria (15 prosent av den totale ramma).

(2) Endeleg ramme er summen av tidlegare fordelt ramme (85 pst) og ramma fordelt etter mål- og resultatstyringskriteria.

(3) Fordeling i prosent viser korleis mål- og resultatstyringspotten slår ut på den endelege fordelinga av ramma. For eksempel har Rogaland fått tildelt ei ramme på 115 pst av den ramma fylkeskommunen ville ha fått tildelt dersom heile ramma hadde blitt fordelt etter objektive kriteria (100 prosent).

Lagt inn 2. juli 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen