Historisk arkiv

Finnmark og Nord-Troms treng ei særleg støtte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Oslo, 03.04.98

Finnmark og Nord-Troms treng ei særleg støtte

- Regjeringa opprettheld framlegget sitt til nytt geografisk verkeområde for dei distriktspolitiske verkemidla, seier kommunal- og regionalminister Queseth Haarstad.

Forslaget til nytt verkemiddelområde inneber at 22 kommunar vil få høgare status, og at Finnmark og Nord-Troms skal ha same prioritet ved tildeling av distriktspolitiske verkemiddel som i dag. Nytt verkeområde skal etter planen tre i kraft 1. mai 1998.

Revisjonen for det geografiske verkemiddelområdet vart send til ESA (EFTA Surveillance Authority) i oktober 1997. For å oppnå høgaste prioritet innanfor statsstøttereglane, er lågt brutto nasjonalprodukt (BNP) per innbyggar eit sentralt kriterium. Finnmark og Nord-Troms har fram til i dag hatt slik status.

- I lys av den store nedgangen i folketalet i Finnmark og Nord-Troms meiner regjeringa at Finnmark og Nord-Troms fortsatt skal ha høgaste prioritet. Samanlikna med resten av Europa er våre nordlegaste fylke i ei særstilling. Dette bør takast omsyn til ved fastsetjing av status for regionalstøtte, seier kommunal- og regionalminister Ragnhild Queseth Haarstad.

- Regjeringa ønskjer òg at dei fem kommunane Gulen, Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund i Sogn og Fjordane fylke skal få endra status frå C til B. Desse kommunane har både hatt stor nedgang i folketalet og langt svakare utvikling enn andre kommunar i fylket, seier Queseth Haarstad.

Verkemiddelområdet er delt i fire prioriteringsområde; A, B, C og D. Område A (Nord-Troms og Finnmark) skal ha høgaste prioritet ved bruk av distriktspolitiske verkemiddel. I områda A, B og C er det høve til å yte bedriftsretta lån og tilskot, indirekte tilretteleggjande stønad og tilskot til kommunale næringsfond. I område D kan det berre givast indirekte, tilretteleggjande stønad og tilskot til kommunale næringsfond.

Det geografiske verkemiddelområdet for dei distriktspolitiske verkemidlane avgrensar bruken av distriktspolitisk bedriftssretta lån og tilskot gjennom Statens nærings- og distriktsutviklingsfond/fylkeskommunane. Indirekte verkemiddel gjennom kommunar, fylkeskommunar og Kommunal- og regionaldepartementet blir òg avgrensa gjennom denne ordninga.

Andre endringar i verkeområdet:

Til B frå C: Mosvik, Agdenes, Bjugn, Utsira, Åmli, Gulen Hyllestad Askvoll, Fjaler, Solund.
Til C frå D:Steinkjer, Verdal, Inderøy, Midtre Gauldal, Selbu, Aremark, Marker, Rømskog og Eidskog.
Til C utanfrå:Kongsvinger.
Til D utanfrå:Kragerø og Froland
Frå C til D:Evje og Hornnes.
Går heilt ut:Forsand og Bokn.

Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 24 68 21
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Eva Kvandal. Tlf. priv.: (+47) 22 38 26 38
Lagt inn 3 april 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen