Historisk arkiv

Kvifor etablerer så få kvinner eiga bedrift?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Dato: 15. september 1998

Kvifor etablerer så få kvinner eiga bedrift?

Kvinner har i fleire år vore prioritert målgruppe for fleire av dei økonomiske verkemidla innanfor distriktspolitikken. Om eit år får vi svar på om verkemidla treffer kvinnene.

Kommunal- og regionaldepartementet har teke initiativ til å evaluere dei økonomiske verkemidla i regionalpolitikken der kvinner er prioriterte. Nordlandsforskning skal stå for evalueringa, som omfattar etablerarstipendet, kommunale næringsfond, regionale program for næringsutvikling og distriktsutviklingstilskot.

- Nordlandsforskning har vist i ei undersøking at like mange kvinner som menn ønskjer å starte eiga verksemd. Likevel er det langt færre kvinner som faktisk blir etablerarar. Evalueringa må få fram kva som gjer at færre kvinner enn menn nyttar seg av verkemidla, seier kommunal- og regionalminister Ragnhild Queseth Haarstad. - Ein føresetnad for ein vellykka distriktspolitikk er at distrikta blir attraktive bu- og arbeidsstader for kvinner. Samtidig er det underskot på kvinner i privat næringsliv. Ved å leggje til rette for jobbar i næringslivet får kvinner i distrikta meir å velje mellom. Derfor har vi frå 1998 kravd at minst 40 prosent av alle etablerarstipenda skal gå til kvinner.

Den årlege orienteringa om distrikts- og regionalpolitikken peikar på kor viktig det er med eit breitt spekter av verkemiddel. I tillegg til å satse på jobbskaping, arbeider regjeringa også med å utvikle eit godt tenestetilbod og attraktive kultur- og fritidstilbod.

- Evalueringa vil ikkje utsetje arbeidet med å styrkje og vidareutvikle kvinnesatsinga, men tvert imot auke medvitet hos folk, seier statsråd Queseth Haarstad.

Hovudstrategien for dagens distrikts- og regionalpolitikk er å «utvikle varige og lønnsomme arbeidsplasser og stimulere verdiskapingen basert på de særlige forutsetningene i hver region». Kvinnesatsinga blir evaluert i forhold til denne strategien.

Evalueringa vil gi svar på desse spørsmåla: Skaper satsinga fleire arbeidsplassar? Er satsinga med på å oppfylle andre distriktspolitiske målsetjingar? Hjelper regelverket til med å få fleire kvinner inn i privat næringsliv? Korleis oppfattar saksbehandlarane og brukarane kvinnesatsinga og dagens regelverk?

Oslo, 15. september 1998

Lagt inn 15. september 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen