Historisk arkiv

Éi lov om brannvern i Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

18.12.98

Éi lov om brannvern i Noreg

Kommunal- og regionalminister Ragnhild Queseth Haarstad fekk 18. desember forslag til ny brann- og eksplosjonsvernlov. Eit utval foreslår å slå saman til ei lov dei tre brannlovene som gjeld lov om brannvern, lov om brannfarlige varer og væsker og gassar under trykk, og lov om eksplosive varer. Dette fører til fleire forenklingar både for næringsliv, kommunar og statlege styresmakter.

- Eg er glad for at utvalet har klart å kome fram til eit lovforslag som samlar dei tre lovene vi har i dag. Dette er eit arbeid med å forenkle lover som i seg sjølv gir betre og sikrare forvaltning, seier kommunal- og regionalminister Ragnhild Queseth Haarstad.

- Eg ser også at utvalet har gått nærmare inn på diskotekbrannen i Gøteborg. Vi er alle opptekne av å hindre at slike tragiske ulykker skal kunne skje i Noreg. Eg håper utvalet gir oss grunnlag for å treffe tiltak mot dette, seier Queseth Haarstad.

Utvalet blei oppnemnt ved kongeleg resolusjon 26. juni 1996. Med i utvalet har vore representantar for organisasjonane i arbeidslivet, og kommunale og statlege styresmakter. Leiar i utvalet har vore riksmeklingsmann Reidar Webster.

Utvalet foreslår ei ny rammelov for brannvernområdet. Den nye lova femner både førebygging, beredskap, organisering og drift av brannvesen, og tilsyn med brannfarlege, eksplosive og tilstandsfarlege stoff. Den nye lova tek også opp aktuelle brannvernspørsmål som har vore framme i det siste. Blant anna i lys av den tragiske diskotekbrannen i Gøteborg, foreslår utvalet å stille strengare krav til arrangørene av denne typen arrangement.

Utvalet har også vurdert å utvide dei pliktene kommunane har når det gjeld førebygging og beredskap innan brannvernet. Utvalet gjer framlegg om å lovfeste slik plikt i høve til andre akutte ulykkessituasjonar enn brann, til dømes bilulykker, der brannvesenet i dag berre har bistandsplikt.

Innstillinga frå utvalet blir sendt på høyring på nyåret.

Informasjonsenheten, forværelse. Tlf.: (+47) 22 24 68 21
Informasjonssjef Erling Hansen. Tlf. priv.: (+47) 66 91 26 79
Informasjonsrådgiver Eva Kvandal. Tlf. priv.: (+47) 22 38 26 38

Lagt inn 18. desember 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen