Historisk arkiv

Lovforslag om kommunale selskaper og foretak

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

23.04.98

Lovforslag om kommunale selskaper og foretak

Kommunal- og regionalminister Ragnhild Queseth Haarstad har i statsråd i dag fremma ein lovproposisjon om kommunale selskap. Siktemålet med proposisjonen er å tilby nokre nye organisasjonsmodellar som er tilpassa dei ulike slag verksemder ein kommune kan drive. Det blir gjort framlegg om ei lov om interkommunale selskap (IKS) og eit nytt kapittel i kommunelova om kommunale føretak (KF).

- Dei nye organisasjonsformene er eit tilbod til kommunane og fylkeskommunane. Dette inneber at det er kommunane og fylkeskommunane sjølve som avgjer om dei vil nytte dei, og til kva for verksemder dei vil vere tenlege. Det er meininga at dei skal kunne tene som alternativ til bruk av aksjeselskap. Eg håper òg at lovframlegget vil rydde opp i eit regelverk som fram til no har vore uklart og mangelfullt, seier kommunal- og regionalminister Ragnhild Queseth Haarstad.

Dei nye organisasjonsformene inneber ein balanse mellom kommunalpolitisk styring og kontroll på den eine sida, og fridom for føretaksleiinga på den andre. Organisasjonsmodellane tek primært sikte på verksemder med eit forretningsmessig preg, men kan også nyttast for forvaltningsverksemd dersom kommunen skulle ha ønske om det, og lovene om kommunale oppgåver gir høve til det. Lova om interkommunale selskap vil gjelde der kommunar og fylkeskommunar samarbeider med kvarandre, mens kommunalt føretak er ein organisasjonsmodell for verksemder som berre har ein kommune eller fylkeskommune som eigar.

Det blir ikkje gjort endring i høve til bruk av aksjeselskapsforma. Kommunane vil derfor framleis kunne organisere visse verksemder som aksjeselskap - anten aleine eller saman med andre. Men det vil ikkje lenger vere noko generelt høve til å ha selskap med avgrensa ansvar utan at aksjelova gjeld. Dette inneber at det ikkje lenger vil kunne skipast såkalla «andelslag». Aksjeselskapsforma vil vere obligatorisk i slike tilfelle.

Lovproposisjonen ( linkdoc016005-050003#docOt prp nr 53) byggjer på NOU nr. 17 frå 1995, og samsvarar i hovudsak med dei forslaga som vart fremma der.

Lagt inn 24. april 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen