Historisk arkiv

Ny husleigelov vil gje betre leigeprisvern

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Dato: 18. juni 1998

Ny husleigelov vil gje betre leigeprisvern

Regjeringa gjer i dag framlegg om ny lov om husleigeavtalar. Lova skal sikre eit godt oppseiings- og leigeprisvern samstundes som den skal ta vare på huseigaranes interesse for å leige ut. Det blir og foreslått at husleigereguleringslova skal opphevast, med ei overgangsordning på ti år. I staden blir det gjort framlegg om eit generelt leigeprisvern for alle husleigeforhold.

  • Vi legg no fram ei moderne forbrukarlov som regulerer avtalar om leigerett til husrom mot vederlag - men som samstundes skal ta vare på sentrale mål i bustadpolitikken. Reglane om oppseiingsvernet blir ført vidare og styrkt. For tidsbestemte leigeavtalar blir det foreslått ei minstetid på tre år, for å sikre at utleigarane ikkje har leigaren på «prøve». Unntak blir gjort for utleige av lofts- og sokkelbustad, og eigen bustad. Regjeringa ønskjer ikkje at dei som sit på ledig husvære let vere å leige ut fordi dei fryktar at dei ikkje kan gjere slutt på leigeforholdet, seier kommunal- og regionalminister Ragnhild Queseth Haarstad.
  • Ordninga med husleigeregulering i Oslo er i dag urettvis på fleire måtar. For det første kan kommunale eigedommar leigast ut til marknadspris, medan private ikkje kan gjere det same. Leigetida er kort og ofte er det heilt tilfeldig kven som får tak i denne «goda». Dei regulerte husleigene vil normalt ligge mykje under marknadsnivået, og det samfunnsmessige grunnlaget for reguleringa har endra seg, seier kommunalministeren.

Regjeringa vil også sikre at korkje eldre, ungdom eller vanskelegstilte må flytte på grunn av auke i leiga. Dei leigarane som fyller krava til hushaldstype og inntektsnivå, blir omfatta av bustønadsordninga til Husbanken.

Sjølv om reguleringa fell bort, skal ikkje utleigarane kunne ta kva slags leigepris dei måtte ønskje. Regjeringa gjer framlegg om å innføre eigne reglar om leigeprisvern. Dei tre første åra etter leigeavtala blei inngått ønskjer regjeringa mellom anna at leiga berre kan regulerast ein gong om året i samsvar med konsumprisindeksen. Det tredje året kan leiga tilpassast marknaden. Leigeprisvernet vil såleis sikre at utleigemarknaden fungerer på ein fleksibel måte, samstundes med at leigaren blir sikra trygge leigeforhold.

Lova gjer vidare større rett til framleige. Bytteretten fell bort, og det blir forbod mot å lage nye obligasjonsbustader. Lova gjeld både ved leige av bustader og lokale, men ved leige av lokale kan partane likevel avtale at dei fleste føresetnadene ikkje skal gjelde.

Oslo, 18. Juni 1998

Lagt inn 19. juni 1998 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen