Historisk arkiv

- Redningsinnsatsen til sjøs skal førast vidare, seier kommunalministeren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr. 4
Dato: 4. oktober 1999

- Redningsinnsatsen til sjøs skal førast vidare, seier kommunalministeren

- Sjølv om førsteinnsatsen ved brann og andre ulykkessituasjonar til sjøs er skipets eige ansvar, har ulykker så seint som i år vist kor viktig det er å trappe opp bergings- og tryggingsarbeidet til sjøs. Derfor er eg nøgd med at vi på budsjettforslaget frå Kommunal- og regionaldepartementet har funne plass for ei vidareføring av den øyremerkte løyvinga til redningsinnsats, som vi starta med i 1999, seier kommunal- og regionalminister Odd Roger Enoksen. - I statsbudsjettet for neste år er løyvinga på 500 000 kroner.

Etter Scandinavian Star-ulykka endra Stortinget i 1993 brannvernlova, slik at kommunale brannvesen etter oppmoding har plikt til å hjelpe til ved brannar og ulykker til sjøs ut frå den kompetansen dei har. Førsteinnsatsen er likevel skipets eige ansvar, og ein del av organiseringa om bord på skipet.

I kommunane Oslo, Larvik, Bergen, Bodø og Kristiansand er det etablert og investert i ein særskild beredskap for redningsinnsats til sjøs. I statsbudsjettet for inneverande år blei det sett av 500 000 kroner til vedlikehald av utstyr, opplæring og trening av nye mannskap og øvingar i dei kommunane som inngår i den spesielle beredskapen. Det er framlegg om å føre dette vidare neste år. Dersom forslaget blir vedteke, er det lagt til rette for at beredskapsstyrken til kvar tid vil vere utdanna, utrusta, trent og operativ til å handtere brann- og ulykkessituasjonar til sjøs.

Lagt inn 4. oktober 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen