Historisk arkiv

10 millionar kroner til utbetring av vassverk i Osterøy kommune

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr. 35/1999
Dato12.04.1999

10 millionar kroner til utbetring av vassverk i Osterøy kommune

Kommunal- og regionaldepartementet har gitt tilsegn om tilskot på inntil 10 millionar kroner til kvalitetsaukande tiltak ved vassverka Fotlandsvåg, Bruvik og Askelandsvatnet i Osterøy kommune. Ved fastsetjing av tilskotet er det teke omsyn til dei store utbyggingsoppgåvene kommunen står framfor når det gjeld vassforsyninga.

Utbyggingskostnadene ved dei tre vassverka er berekna til 26,5 millionar kroner, og vil gje om lag 1000 personar vatten som tilfredsstiller drikkevassforskrifta.

- Det har mykje å seie for befolkninga og næringslivet at kvaliteten på drikkevatnet tilfredsstiller drikkevassforskrifta, seier statssekretær Per N. Hagen.

Tilfredsstillande vasskvalitet vil vere eit godt grunnlag for den vidare utviklinga i området, mellom anna utviklinga for industriverksemder mellom Fotlandsvåg og Saltverket og det planlagte næringsarealet på Saltverket.

Lagt inn 12. april 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen