2,6 millionar kroner til Leirfjord kommune
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik I
Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 05.05.1999 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
43/1999
05.05.1999
2,6 millionar kroner til Leirfjord kommune
Kommunal- og regionaldepartementet gir Leirfjord kommune 2,6 millionar kroner i samband med utbyggings- og utbetringstiltak ved vassverka Bardal og Leirfjord.
Tiltaket er kostnadsrekna til 10,5 millionar kroner og omfattar samankopling med Indre Leirfjord vassverk, framføring av vassleidning til Hjartdal og Tømmervika, og vassbehandlingsanlegg ved Leirfjord og Bardal vassverk. I tillegg til om lag 670 personar, vil utbetringstiltaka ha mykje å seie for fiskeforedlingsbedrifter og anna næringsverksemd i kommunen.
Lagt inn 5. mai 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen