3,5 millionar kroner til utbetrings- og utbyggingstiltak ved Reine kommunale vassverk.
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik I
Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 14.07.1999 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
Nr.: 79/1999
Dato: 14.07.1999
3,5 millionar kroner til utbetrings- og utbyggingstiltak ved Reine kommunale vassverk.
Kommunal- og regionaldepartementet har gitt tilsegn om
tilskot på inntil
3,5 millionar kroner til mellom anna utbetringstiltak av
Reine vassverk i Moskenes kommune.
Prosjektet er kostnadsrekna til 6,2 millionar kroner og vil skaffe om lag 700 personer samt fleire fiskemottak og turistbedrifter vatn som tilfredsstiller drikkevassforskriftas krav til kvalitet.
Vatn med tilfredsstillande kvalitet er viktig både for eksisterande og framtidig næringsliv og busettinga. Moskenes kommune har et svært einsidig næringsliv, og kommunen er karakterisert som ein av landets mest fiskeriavhengige kommunar. De seinare åra har kommunen og fått eit større innslag av turisme i form av rorbucamping, og om lag 450 sengeplasser sokner til Reine vassverk sitt forsyningsområde.
Lagt inn 14. juli 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen