Historisk arkiv

50 millionar kroner til grendeskular

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr.: 15/1999
Dato: 15.02.1999

50 millionar kroner til grendeskular

Kommunal- og regionaldepartementet fordeler no 50 millionar kroner til kommunar med udelte og fådelte skular. Dette gir kommunar der mindre skular står i fare for å bli lagde ned, ei mogelegheit til likevel å oppretthalde noverande skuletilbod.

- Eg ønskjer å bidra til at grendeskular ikkje blir lagde ned, seier politisk rådgjevar Eva Lian. – I mange lokalsamfunn er grendeskulen kanskje det viktigaste ankerfestet for å oppretthalde busetjinga. Mange kommunar har òg ein geografi som tilseier at ei nedlegging av skulen vil gi elevane lange reiseveg til ein annan skule, noko eg ikkje tykkjer om.

I statsbudsjettet for 1999 blei det sett av 50 millionar kroner i ekstra skjønns-tilskot til mindre skular. Skjønnstilskotet skulle gå til å styrkje skulesektoren i kommunar med svak økonomi og som har små skular som følgje av eit desentralisert busetjingsmønster. I alt 150 kommunar får no mellom 42 000 og 1 200 000 kroner meir til skulesektoren i 1999.

Vedlegg: linkdoc016005-070119#docTabell som viser fordelinga av det ekstra skjønnstilskotet til kommunane.

Lagt inn 15. februar 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen