Historisk arkiv

5 millionar kroner til utbetring av vassforsyninga i Kviteseid kommune

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr. 100/1999
Dato: 11. august 1999

5 millionar kroner til utbetring av vassforsyninga i Kviteseid kommune

Kommunal- og regionaldepartementet har gitt tilsegn om tilskot på inntil 5 millionar kroner til nytt grunnvassanlegg og høgdebasseng ved Kviteseid vassverk.

Prosjektet er kostnadsrekna til 11,1 millionar kroner og vil skaffe om lag 480 personar vatn som tilfredsstiller krava til kvalitet etter drikkevassforskrifta. I tillegg til vanlege hushaldsabonnentar er det eit hotell, meieri og skule innanfor forsyningsområdet.

- Vatn med tilfredsstillande kvalitet er viktig både for eksisterande og framtidig busetjing og næringsverksemd. Det er difor viktig at kommunane prioriterer tiltak som fører til betre kvalitet på vassforsyninga, seier statssekretær Olav Ulleren i Kommunal- og regionaldepartementet.

Lagt inn 11. august 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen