Historisk arkiv

Billege utleigebustader for unge:Husbanken utfordrar byggjebransjen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr. 106/1999
Dato 27.08.1999

Billege utleigebustader for unge:

Husbanken utfordrar byggjebransjen

Husbanken og Vågå kommune innbyr til ein idekonkurranse for byggjebransjen om rimelege utleigebustader for ungdom. Hovudutfordringa med konkurransen er å halde kostnadene nede, utan at det går ut over den nødvendige kvaliteten på bustadene. Husbanken stiller eit samla premiebeløp på 75 000 kroner til disposisjon.

- Vågå kommune er ein av åtte pilotkommunar som har fått støtte frå Kommunal- og regionaldepartmenetet til å prøve ut forskjellige tiltak for å snu den negative utviklinga i folketalet og stimulere til vekst og framtidstru i lokalmiljøet, seier statssekretær Per Olaf Lundteigen.

Bustadene skal finansierast ved vanlege lån, utan statlege tilskot. Konkurransen er open for byggjefirma. Deltakarane står fritt i å planleggje og forme bueiningane, men må byggje prosjektet ferdig for 400 000 kroner pr. bustad.

Husbanken er spent på kva slags bustad byggjebransjen kan tilby innanfor ei slik ramme. - I ei vurdering av beste prosjekt vil vi leggje vekt på ein effektiv og god byggeøkonomi, understrekar avdelingsdirektør Kai Slagsvold Hekne. - Vi meiner det er mogeleg å oppnå gode nok bustader for målgruppa, men er spente på korleis dei konkrete løysingane blir i praksis.

Vågå kommune stiller gratis tomt til disposisjon, og Husbanken gir 1. prioritetslån på

400 000 kroner pr. eining. Husbanken vil leggje særleg vekt på kostnadseffektivitet og samtidig sjå om det er råd å byggje rimelege, utradisjonelle bustader som tilfredsstiller bustadkravet for ein mellombels periode. Anleggskostnadene pr. bueining må vere såpass låge dersom det skal gå å byggje utleigebustader med ei husleige ungdom kan betale.

Bustadene er meint å vere rimelege gjennomgangsbustader med avgrensa butid, og kjem i tillegg til den vanlege bustadbygginga i kommunen. Husbanken stiller ikkje krav til minstestandard eller livsløpsstandard i prosjektet.

I juryen som skal vurdere dei innkomne bustadforslaga sit to representantar frå Vågå kommune og to representantar frå Husbanken. Målet er at bygginga skal kunne starte alt i år.

Lagt inn 27. august 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen