Historisk arkiv

Endra kommune- og fylkesgrense

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

09/1999
29.01.1999

Endra kommune- og fylkesgrense

I statsråd er det i dag vedteke endring i grensa mellom Sortland kommune i Nordland fylke og Kvæfjord kommune i Troms fylke.

Godfjordområdet med sjølve fjorden og Kinneset på vestsida og heilt fram til Røykneset på østsida, blir overført frå Kvæfjord kommune i Troms fylke til Sortland kommune i Nordland fylke. Om lag 125 personar blir berørte av grensereguleringa.

Reguleringa blir sett i verk frå 1. januar 2000.

Av omsyn til lokalvala til hausten, har Kongen gjort særskilde unntak frå reglane i vallova om røysterett og retten til å stå som kandidat på listeframlegg. Unnataka inneber at ein ved valet skal leggje til grunn at grensereguleringa allereie er satt i kraft. Slik kan innbyggjarane i det området som vert overført, både røyste og stå som kandidat på liste til kommunevalet / fylkestingsvalet i sin nye kommune / sitt nye fylke, sjøl om reguleringa ikkje blir sett i verk før etter kommunestyre- og fylkestingsvalet 13. september 1999.

Lagt inn 29. januar 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen