Historisk arkiv

Endra kommunegrense

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

08/1999
29.01.1999

Endra kommunegrense

I statsråd er det i dag vedteke endring i grensa mellom Balestrand og Sogndal kommunar i Sogn og Fjordane fylke.

Bygda Fjærland blir overført frå Balestrand til Sogndal kommune. Fylkesmannen har fått fullmakt til å fastsetje den nye grensa. Om lag 300 personar blir berørte av grensereguleringa.

Reguleringa blir sett i verk frå 1. januar 2000.

Av omsyn til lokalvala til hausten, har Kongen gjort særskilde unntak frå reglane i vallova om røysterett og retten til å stå som kandidat på listeframlegg. Unnataka inneber at ein ved valet skal leggje til grunn at grensereguleringa allereie er satt i kraft. Slik kan innbyggjarane i det området som vert overført, både røyste og stå som kandidat på liste til kommunevalet i sin nye kommune, sjøl om reguleringa ikkje blir sett i verk før etter kommunestyre- og fylkestingsvalet 13. september 1999.

Lagt inn 29. januar 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen