Historisk arkiv

Enoksen: - Krafttak for enklare HMS-arbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr. 3
Dato: 4. oktober 1999

Enoksen: - Krafttak for enklare HMS-arbeid

- Eg har store voner til prosjekta vi har sett i verk for å forenkle arbeidet på helse-, miljø- og tryggingssektoren (HMS-sektoren), seier kommunal- og regionalminister Odd Roger Enoksen. – Allereie no i haust gjer vi framlegg om samordning av åtte lover på HMS-området.

Statsråden opplyser at arbeidet som er sett i gang på dette feltet, er ledd i programmet ”Eit enklare Noreg”. I tillegg gjennomførast eit omfattande prosjekt for å forenkle regelverket for HMS i petroleumsverksemda.

Av andre problemstillingar og prosjekt som er under arbeid, listar kommunal- og regionalministeren opp desse:

  • Statskonsult-rapporten ”Helt stykkevis og delt” vurderer om HMS-regelverket er organisert på ein måte som fremjer effektivitet i forvaltninga og som gjer det mogeleg for verksemdene å rette seg etter krava frå styresmaktene på ein høveleg måte. Rapporten skal følgjast opp i 2000 i samarbeid med dei departementa det gjeld.
  • Tre lover er foreslått avløyst av éi ny lov om brann- og eksplosjonsvern. Lovforslaget blir lagt fram neste år.
  • Arbeidslivsutvalet analyserer kva utfordringar morgondagens arbeidsliv vil stå overfor, særleg med sikte på behovet for fleksibilitet frå arbeidsgivar- og arbeidstakarsida. Innstillinga frå utvalet skal følgjast opp i 2000.
Lagt inn 4. oktober 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen