Historisk arkiv

Forsøk med direkte val av ordførar: Innbyggjarane i 20 kommunar skal få velje ordførar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr. 12/1999
Dato: 11. februar 1999

Forsøk med direkte val av ordførar

Innbyggjarane i 20 kommunar skal få velje ordførar

Departementet har i dag godkjent vedtekter for direkte val av ordførar i dei 20 kommunane som fekk sine søknader om forsøk godkjende i desember 1998. Føresegnene i dei godkjende vedtektene skal i forsøksperioden gjelde i staden for dei føresegnene i lov og forskrift som i dag regulerer val av ordførar.

Dagens godkjenning gjeld for valperioden 1999-2003, og ordførarvalet skal gjennomførast samstundes med kommunestyrevalet til hausten.

Kvifor direkteval?

Direkte val av ordførar har aldri tidlegare vore prøvd ut i Noreg. Såleis er forsøket med direkteval historisk. Departementet meiner at forsøk med direkte ordførarval kan vere eit godt tiltak for økt valdeltaking.

- I dei seinare åra har vi dessverre sett tendenser til minkande valdeltaking, særleg gjeld dette ved lokalvala. Gjennom forsøket og evalueringa av dette håpar vi å få eit godt grunnlag for vidare arbeid med slike spørsmål, seier kommunalminister Ragnhild Queseth Haarstad.

Gjennom direkte val på ordførar vil forsøkskommunane ha god høve til å setje fokus på lokalpolitiske saker, og å profilere skarpare dei politiske alternativa. I tillegg kan kanskje direkteval auke det lokalpolitiske engasjement, også utanom valkampen. Direkte ordførarval kan føre til at ein viser større interesse for den som er valt til ordførar og vedkomande sine aktivitetar. Dette kan igjen vere ei oppmuntring til at innbyggjarane sjølve aktiviserer seg.

Korleis skal valet gjennomførast?

Ordførarvalet skal gjennomførast i samsvar med den forsøksmodellen den enkelte av kommunane har valt. Forsøksmodellane har mange fellestrekk, men det er óg nokre variasjonar kommunane i mellom. Alle parti og grupper som stiller liste ved kommunestyrevalet får høve til å peike ut ein eller fleire ordførarkandidatar. Kandidatane skal førast opp på ein eigen røystesetel som skal brukast ved ordførarvalet. Veljaren set eit kryss framføre namnet på den kandidaten vedkomande ønskjer å gje si røyst. Røystesetelen skal leggjast i same røystesetelkonvolutt som røyster til kommunestyre- og fylkestingsvalet.

Den kandidaten som får flest røyster, er vald til ordførar i kommunen. Fleire kommunar har sett som vilkår for gyldig val at ordførarvalet får ein viss minste prosentvis valoppslutning. To kommunar har dessutan sett som vilkår at den kandidaten som får flest røyster må ha minst 50% oppslutning. I motsett fall går dei to kandidatane som fekk flest røyster over til ein andre valomgang. Denne skal gjennomførast kort tid etter det ordinære valet.

Veljarar som ønskjer det kan førehandsrøyste på posten. Veljaren kan gi si røyst til ein ordførarkandidat som tilhører eit anna parti eller liste enn den vedkomande røysta på ved kommunestyrevalet.

For at forsøket skal lykkast må det leggjast til rette for gode informasjonstiltak ovanfor innbyggjarane i kommunen. Fleire kommunar informerer gjennom brosjyrar som skal delast ut til alle kommunen sine husstandar.

Kven er forsøkskommunane?

Forsøkskommunane er fordelt på 11 fylke.

Den minste kommunen har i underkant av 800 innbyggjarar, den største har ca. 8.300 innbyggjarar, mens de fleste ligg på 2.000 - 4.000 innbyggjarar.

Oversikt over forsøkskommunane:

Kommune

fylke

talet på innbyggjarar
(stemmeber./ valdeltak. i 95)

1.

Vardø

Finnmark

2 940
(2 373 - 62,0%)

2.

Evenes

Nordland

1 521
(1 274 - 72,1%)

3.

Alvdal

Hedmark

2 423
(1 868 - 72,3 %)

4.

Trysil

Hedmark

7 094
(5 831 - 68,8%)

5.

Våle

Vestfold

4 092
(2 897 - 73,3%)

6.

Kvinesdal

Vest-Agder

5 621
(4 327 - 64,2%)

7.

Nes

Buskerud

3 485
(2 707 - 70,4%)

8.

Samnanger

Hordaland

2 319
(1 796 - 64,8%)

9.

Fitjar

Hordaland

2 951
(2 094 - 76,2%)

10.

Bokn

Rogaland

771
(579 - 74,8%)

11.

Ibestad

Troms

1 904
(1 683 - 69,1%)

12.

Lyngen

Troms

3 347
(2 671 - 61,7%)

13.

Skånland

Troms

3 138
(2 529 - 60,5%)

14.

Kvæfjord

Troms

3 345
(2 583 - 60,5%)

15.

Målselv

Troms

7 098
(5 587 - 56,5%)

16.

Salangen

Troms

2 393
(1 900 - 62,9%)

17.

Norddal

Møre og Romsdal

1 989
(1 526 - 68,8%)

18.

Vestnes

Møre og Romsdal

6 482
(4 930 - 62,0%)

19.

Gjemnes

Møre og Romsdal

2 739
(2 131 - 64,8%)

20.

Hareid

Møre og Romsdal

4 724
(3420 – 67%)

Lagt inn 11. februar 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen