Historisk arkiv

Høyring på internett

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr. 14/1999
Dato 12.02.1999

Høyring på internett

I dag legg for første gong Kommunal- og regionaldepartementet høyringsdokument ut på internett. Alle høyringsuttaler og kommentarar til rapporten som blir sende elektronisk til departementet blir òg lagde ut på internett. Desse vil vere tilgjengelege for gjennomsyn på høyringssida til departementet, og det er mogeleg å kommentere høyringsuttalene på internett.

- Dette er eit ledd i regjeringa sitt mål om å gjere offentlege dokument meir tilgjengelege for folk flest, seier kommunal- og regionalminister Ragnhild Queseth Haarstad. - Forslag som kan ha innverknad på kommunane og andre bør vere meir tilgjengelege, og det same gjeld kommentarane til høyringsinstansane.

Rapporten som blir lagt ut på internett foreslår nye kriterium for busetjingsmønsteret i kommunane. Desse kriteria kan erstatte dagens busetjingskriterium i inntektssystemet. Ei arbeidsgruppe nedsett av Kommunal- og regionaldepartementet har utarbeidd forslaga. Nye busetjingskriterium kan tidlegast bli innarbeidde i inntektssystemet frå og med 2001.

Fristen for å kome med høyringsuttale er 1. juli 1999.

Medlemmer i arbeidsgruppa:

  1. Fylkesmann Oddvar Flæte, Sogn og Fjordane
  2. Økonomisjef Børge Wahl, Nordland fylkeskommune
  3. Assisterande rådmann Per Øvermo, Fræna kommune
  4. Rådgjevar Trond Hjelmervik Hansen, Kommunenes Sentralforbund
  5. Underdirektør Anne Kathrine Fossum, Landbruksdepartementet
  6. Rådgjevar Arnold Langaas, Samferdselsdepartementet
  7. Prosjektleiar Aud Sissel Meringdal, Kommunal- og regionaldepartementet
  8. Rådgjevar Lars Audun Granly, Barne- og familiedepartementet
  9. Seniorrådgjevar Lars Fjell Hansson, Sosial- og helsedepartementet
  10. Avdelingsdirektør Alette Schreiner, Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet

Internettadresse for høyringa: linkdoc016005-990119#dochttp://odin.dep.no/krd/publ/hoering/

Lagt inn 12. februar 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen