Historisk arkiv

Ikkje noko avgjerd no i grensereguleringssaka mellom Sande og Vanylven

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr. 67/1999
Dato 16.06.1999

Ikkje noko avgjerd no i grensereguleringssaka mellom Sande og Vanylven

Kommunal- og regionaldepartementet har funne at det ikkje bør gjerast vedtak om å flytte Åram krins i Sande kommune over til Vanylven kommune før kommune- og fylkestingsvalet til hausten. Grensereguleringssaka vil av den grunn ikkje ha nokon innverknad på komande val.

Stortinget påla departementet ved handsaminga av St prp nr 44 å gå nye rundar med kommunane Sande og Vanylven, for særleg å utgreie dei nærare konsekvensane for øyene Kvamsøy og Sandsøy ved ein overflytting av Åram. Det er ikkje mogeleg å oppfylle Stortinget sine føresetnader om vidare utgreiing og samstundes sikre ei forsvarleg førebuing av valet. Departementet vil seinare diskutere opplegget for den vidare utgreiing med kommunene, fylkeskommunen og fylkesmannen.

Lagt inn 16. mai 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen