Historisk arkiv

Innstillinga frå Arbeidslivsutvalet skal liggje føre innan 1. desember

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr. 1
Dato: 4. oktober 1999

Arbeidslivsutvalet med innstilling 1. desember

Innstillinga frå Arbeidslivsutvalet skal liggje føre innan 1. desember.

– Utvalet har som hovudoppgåve å peike på kva for utfordringar vi kjem til å møte i arbeidslivet i framtida, opplyser kommunal- og regionalminister Odd Roger Enoksen. Han legg til at utvalet særleg ser på behovet for fleksibilitet, både frå arbeidstakar- og arbeidsgjevarsida.

- Arbeidet i utvalet konsentrerer seg om hovudområda arbeidsmiljø, arbeidstid, stillingsvern og medråderett, og tek utgangspunkt i korleis desse områda er regulert i arbeidsmiljølova i dag.

Utvalet blei oppnemnt i mars i år, og har representantar frå hovudorganisasjonane i arbeidslivet, dei departementa arbeidet vedkjem mest og tre uavhengige medlemmer med særleg kompetanse i arbeidslivsspørsmål. Professor Tom Colbjørnsen frå Norges Handelshøyskole er leiar i utvalet.

- Utvalet skal også vurdere kva reguleringsform, lov, tariffavtale eller individuell avtale som bør nyttast for å fastsetje ulike avgjerder, seier Enoksen. - Utvalet skal ikkje kome med konkrete lovendringsforslag, men gi ei tilråding om kva emne arbeidet bør samlast om neste runde.

Lagt inn 4. oktober 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen