Historisk arkiv

Kommunalbanken blir aksjeselskap med KLP som medeigar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr.: 30/1999
Dato: 26.03.1999

Kommunalbanken blir aksjeselskap med KLP som medeigar

Regjeringa legg i dag fram forslag til lovendringar i samband med omdanning av Noregs Kommunalbank til finansieringsselskap, Kommunalbanken AS. Forslaget er ei oppfølging av vedtak i Stortinget før jul om at Kommunalbanken skal gjerast om til aksjeselskap. Det nye selskapet blir skipa som eit 100 prosent statleg eigd aksjeselskap med ein aksjekapital på 660 millionar kroner. Det blir arbeidd for at banken skal fungere som aksjeselskap frå og med 1 oktober i år.

Etter omdanninga vil banken bli dreven som eit ordinært finansieringsføretak. Formålet til det nye selskapet vil vere å yte langsiktig kreditt til kommunesektoren. Såleis vil ein føre vidare den noverande verksemda i Kommunalbanken.

Regjeringa ønskjer at 20 prosent av aksjane i det nye selskapet etter omdanninga blir selde til Kommunal Landspensjonskasse( KLP). Over tid ønskjer ein å selje alle aksjane til KLP/kommunesektoren. Fordi KLP og staten kvar for seg skal eige meir enn 10 prosent av aksjane i selskapet, blir det foreslått lovendring i form av eit unntak i eigaravgrensingsreglane i finansieringsverksemdslova. Alle sal av aksjar til KLP/kommunalsektoren skal skje til marknadspris.

Som følgje av omdanninga til aksjeselskap vil staten ikkje lenger garantere for banken sine nye innlån. For eksisterande innlån med statsgaranti skal det framleis betalast garantiprovisjon. Utlånsreguleringa med innvilgningsrammer blir avvikla.

Lagt inn 26. mars 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen