Historisk arkiv

Kommunane produserer stadig fleire tenester

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr. 51/1999
Dato 10.05.1999

Kommuneøkonomiproposisjonen 2000 nr 4

Kommunane produserer stadig fleire tenester

Årets kommuneøkonomiproposisjon viser at det stadig er sterk vekst både i ressursinnsatsen og i talet på tenester som kommunane leverer til befolkninga. I 1998 blei det utført 8 000 nye årsverk, mens det i 1997 blei utført over 9 000 fleire årsverk.

- Spesielt gledeleg er det at kommunane gjennomførte eit kjempeløft i 1997 ved å setje i verk grunnskolereforma, samtidig som ressursinnsatsen i barnehagene ikkje blei redusert, seier Odd Roger Enoksen. - Alle 6-åringar fekk eit tilbod i skolen, mens 16 000 fleire barn under 6 år fekk eit barnehagetilbod. Og førebels tal frå 1998 viser framleis vekst i talet på plassar.

I 1997 auka ressursinnsatsen i kommunesektoren i alt med 9 200 årsverk og for 1998 var auken på 8 000 nye årsverk. Denne auken fører til at kommunane leverer stadig fleire tenester til innbyggjarane. I 1997 var det særleg tilbodet til dei yngste barna som blei prioritert i kommunane.

I samband med grunnskolereforma auka årsverksinnsatsen med nærmare 7 000, samtidig som bemanninga i barnehagane ikkje blei redusert. Dette gav over 16 000 fleire barnehageplassar for barn under 6 år. Mest markant auka tilbodet til eit- og to-åringane i 1997. Førebels tal for 1998 viser ein auke i talet på barnehageplassar på over 3000. Samtidig auka talet på plassar i skolefritidsordninga med nærmare 9 000.

I 1997 auka talet på årsverk i pleie- og omsorgssektoren med nærmare 6 000. Også for 1998 var det stor auke i sysselsetjinga i denne sektoren.

Lagt inn 10. mai 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen