Historisk arkiv

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 1999: Nytt ved valet i år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr. 107/1999
Dato: 27.08.1999

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 1999:

Nytt ved valet i år

Etter at Stortinget tidlegare i vår behandla odelstingsproposisjon nr. 37 (1998-99) om endringar i vallova, har det blitt ein del endringar i valordninga i forhold til tidlegare år.

Dei viktigaste endringane er:

Statsborgarar frå andre nordiske land (Sverige, Danmark, Finland og Island) får røysterett ved kommunestyre- og fylkestingsvalet med ein gong dei buset seg i Noreg. For å kunne røyste ved valet til hausten, må dei vere registrerte i norsk folkeregister som busette i Noreg den 31. mars i år.

Søknadsfristen for å søkje om innføring i manntalet for nordmenn busette i utlandet i meir enn 10 år, er endra frå slutten av mai til måndag to veker før valdagen. I år er fristen 30. august.

Veljarar som ønskjer å røyste heime fordi dei er sjuke eller uføre, skal no sende søknaden til deira lokale postkontor. Tidlegare var det kommunen som behandla slike søknader. Fristen for å søkje om å få røyste heime er i år 7. september.

Etter forslag frå kommunane skal statens postselskap avgjere på kva for institusjonar det skal vere førehandsrøysting. Statens postselskap har ansvar for å informere om dette på dei einskilde institusjonane. Ved tidlegare val var det kommunane som arrangerte førehandsrøysting på institusjonane.

Det har kome nye reglar for korleis ein skal gjere endringar på røystesetlane. Ved tidlegare val har det til dømes vore mogleg å skrive "kum" utanfor namnet til dei kandidatane ein ønskjer å kumulere. Dette er ikkje mogleg lenger. I år skal ein skrive eit kryss utanfor namnet til kandidaten. Sidan det er nye reglar for å endre på røystesetlane, har kommunane blitt pålagde å trykkje rettleiing til veljarane om dei nye reglane på alle røystesetlane. Departementet vil òg oppfordre kommunane til å hengje opp oppslag om dette i vallokala på valdagen.

Lagt inn 27. august 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen