Historisk arkiv

Næringspark i Verdal får 1 million i støtte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr. 125/1999
Dato: 11. november 1999

Næringspark i Verdal får 1 million i støtte

Kommunal- og regionaldepartementet yter 1 million kroner til utviklings-prosjektet Ørin/Verdal industripark i Verdal kommune i Nord-Trøndelag.

- Industriparken er eit utviklingsprosjekt som skal leie fram til ny næringsutvikling bygd på kompetansen som finst i regionen, seier statssekretær Olav Ulleren i Kommunal- og regionaldepartementet i ein kommentar til løyvinga. - Det langsiktige målet er at Verdal kommune, saman med næringsliv og sentrale og regionale myndigheiter, kan utvikle og etablere ein nærings- og industripark med ein infrastruktur som gjer området til eit næringsfyrtårn i Midt-Noreg.

I prosjektperioden skal det lagast eit konsept for Verdal industripark. Samtidig blir det sett i gang fleire delprosjekt og utviklingsprosjekt.

I styringsgruppa for utviklingsprosjektet er det i dag med representantar frå Nord-Trøndelag fylkeskommune, ordførarane i Verdal, Levanger og Stjørdal, to representantar frå næringslivet og Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) si avdeling i Nord-Trøndelag.

Departementet finansierer 1/3 av dei samla kostnadene på 3 millioner kroner. I tillegg til støtta frå Kommunal- og regionaldepartementet, vil Nord-Trøndelag fylkeskommune og næringslivsaktørane i regionen yte 1/3 av kostnadene kvar.

Lagt inn 12. november 1999 av Statens forvaltningsteneste, ODIN-redaksjonen