Historisk arkiv

Odd Roger Enoksen: - HMS-arbeidet ber frukter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding

Nr. 2
Dato: 4. oktober 1999

Odd Roger Enoksen: - HMS-arbeidet ber frukter

- Norsk arbeidsliv har høg standard på helse-, miljø- og tryggings-området (HMS). Stadig fleire verksemder gjer eit godt og systematisk arbeid for å ta hand om HMS på arbeidsplassen, seier statsråd Odd Roger Enoksen.

Samarbeidsprosjektet ”Betre helse, miljø og trygging – du er ikkje aleine om å tene på det”, blei gjennomført frå 1996 til 1998. Prosjektet er evaluert, og resultata er presentert i rapporten ”Bærer arbeidet frukter? – en evaluering av systematisk HMS-arbeid i norske virksomheter.” - Og eg er svært godt fornøgd med at svaret på dette spørsmålet er ja, seier kommunalministeren.

Fem av ti verksemder har i 1999 innført systematisk HMS-arbeid. 86 prosent av verksemdene er i gang med arbeidet, ein klar auke frå 1993. Dei største verksemdene er framleis dei flinkaste, og offentleg sektor har kome lengre enn privat sektor. Kommunal sektor er best i klassen. Samtidig står vi framleis overfor mange utfordringar. Dei små verksemdene heng etter. Spesielt dei med færre enn fem tilsette. Sjølv om mange verksemder no har innført systematisk HMS-arbeid, er det mange stader for mykje prega av papireksersis.

Regjeringa ønskjer å vidareføre innsatsen på HMS-området mellom anna ved å følgje opp Statskonsult-rapporten ”Helt stykkevis og delt”. Rapporten vurderer om HMS-regelverket er organisert på ein måte som fremmer effektivitet i forvaltninga og som gjer at verksemdene kan følgje opp krava frå styresmaktene på ein høveleg måte. Rapporten blir følgd opp i 2000 i samarbeid med departementa det gjeld.

Lagt inn 4. oktober 1999 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen